(NPK-NTB-AFP): Australsk politi åtvarar mot pedofile nettverk på Facebook.
I samarbeid med Facebook har Australian Federal Police avslørt eit slikt nettverk og arrestert elleve personar i Australia, Storbritannia og Canada.
– Etterforskinga bør tene som ein åtvaring til både dei som tilbyr sosiale samfunn på nettet og dei som bruker dei, seier etterforskingsleiaren Neil Gaughan.
Artikkelen fortsetter etter annonsen
annonsørinnhold
Fra språkmodell til selvstendig agent: Den tredje bølgen av AI er her
Facebook har sytt for å deaktivere profilane til dei mistenkte, men mye tyder på at gruppa etablerte seg på nytt innan få timer.
Australsk politi meiner at Facebook og andre nettsamfunn må gjere hyppige søk etter materiell der barn vert utnytta seksuelt og samtidig informere politiet om funna. (©NPK)