Då kraftlina skulle vedlikeholdes, forsvant internett-dekninga
Bebuarane i Øvstedalen er avhengige av ein internettsendar på Styveshorgi for å ha dekning på mobilen. Då han var ute av drift i fem dagar, sat dei hjelpelause att. I dalen finst det i praksis ikkje mobildekning, og dei lyt bruka telefonen gjennom internett for å ringja og senda meldingar. Internettet, levert av selskapet Brdy, er ifylgje gjengen på Mæland i tillegg av det ustabile slaget.